Bionicle i klosser: Custom figurer og MOCs frå Bionicle verdenen

Denne tråden handlar om mitt custom minifigur prosjekt Minionicle, og byggene eg bygger med dei. Eg vil nedover i kommentarane legge til oppdateringar etterkvart, både med nye oppdateringar frå Minionicle og mocs eg bygger relatert til dette.

Dei som kjenner meg frå klossesnakk veit at eg er glad i minifigurer, Bionicle, og er ikkje redd for customize legoen min for å få til det eg vil. Eg vakse opp med Bionicle og blei veldig gira når me i 2005 fekk sjå Bionicle system sett, men det var nokre problemer, primært med figurene.

Bionicle system sett: Battle of Metru Nui, sett 8759. Bildet henta frå biomediaproject.com

Siden dette har eg hatt lyst å bygge scener frå Bionicle historia med klosser, men ofte blitt hindra av mangelen på figurar. Difor starta eg det som eg har kalla Minionicle prosjektet (minifigure Bionicle (og nei det er ikkje minion-icle, men mini-onicle)).
Minionicle er fleire samlinger med custom deler som passer med Lego deler, som gjer det mogeleg å kunne gjenskape Bionicle karakterer som minifigurer. Primært involverer det rustning, hode og maske, men for nokre figurer er det meir omfattande. Saman med vanlege Lego deler kannein gjenskape dei ikoniske karakterane frå serien. 3D filer for å 3D printe delene er tilgjengelige her: Minionicle: The Legend Begins by XcrismonP - Thingiverse merk at det berre er custom delene. Dei offisielle lego delene du eventuelt trenger må du skaffe frå Lego eller Briklink eller liknande.

Kvar starta det?:
Som sagt var eg veldig gira på å slå sammen Bionicle med resten av lego verdenen min i 2005, når første Bionicle playset kom ut, som var bygd i system (for det meste). Men det gjekk relativt fort før eg såg begrensingane av desse. For det første skulle eg ønske at me fekk figurer frå tidlegare år, da eg synes det var mange kule karakterar og figurar eg ville leke med i minifig størrelse. Dei nye Bionicle minifigurene hadde òg mangel på artikulasjon, da dei var ein solid del. Dei var som ein tinnsoldat på ein 2x2 tile, med akkurat perfekt mellomrom mellom armene til å holde ett spesiallaga våpen, som på ingen måte representerte det dei store figurene hadde.
Minifigurar frå 2005: Toa Hordika Matau og Vakama. Bilete henta frå biomediaproject.com

2006 og 2007 kom med ein oppfirskning. Nye figurer kom i 7 deler, med ein ny torso og nye hoder (som desverre ikkje fungerer å sette på ein minifig, da deler av hullet passer for ein bar, ikkje ein stud). Den brukte armene frå Exo-Force robotene, som hadde for det meste samme artikulasjon som vanlege minifigurar. Nedturen kom til beina, som var ein ny, enkel, solid del. Denne delen er lange bein som står spredt med 1 stud i mellom. Figurene ender da opp med å måtte stå på 1x3 stud område, og kan ikkje bevere beina (men kan vri kroppen). Desse figurene var ein god oppgradering, men var ikkje heilt der enda, og dei føltes rare sammen med vanlige minifigurer.
Minifigurer frå 2006, Toa Inika Jaller og Kongu. Henta frå instruksjonane til sett 8892

Inni alt dette her så lagde 8 år gamle Runar seg ett bilde av korleis Bionicle kunne sett ut i minifigformat. Spesielt såg eg for meg dei figurene som heter Bohrok (som kunne rulles sammen til ein ball) som minifigurer. Desverre såg me aldri dei.

På videregåande starta eg med 3D printing, og eg fekk ein ide om å lage Bohrok minifigurer. Designet for ein custom kropp, armer, bein, hode og våpen blei lagd digitalt, men desverre fekk eg ikkje til å printe dei på printeren min, og prosjektet blei satt på hylla.
Det tok 5 år Før eg igjen tok opp prosjektet. Eg lot meg inspirere av minifigurane til Hero Factory, og i 2021 kom eg opp med føste prototype Bionicle minifigur. Første 3D modell eg laga var basert på noko consept art eg fant mens eg googla. Desse brukte hjelm i staden for maske, som såg ut som dei var meir tilpassa minifigurar. Men eg gjorde ein test med å lage nokon som likna meir på dei orginale, og gjekk med det. Desse maskene satt ein på eit minifigur hovud slik som ein gjer med hjelmar.


Vidare her frå fortsette eg med å lage alle Toaene sine masker i dette formatet, som eg har kalla hjelm-stil. Eg lagde så alle maskene frå 2001 og nye rustningar som representerte orginalfigurane sine kroppar.

Utviklinga videre:
Hjelm-stil maskene er greie fordi dei fungerer bra med lego sitt system. Likevel har dei nokre problem som gjorde at eg måtte jobbe vidare. For det første så er augene på dei langt oppe, så det var vanskeleg å finne minifigur hovud med auger som matcha. Eg lagde så eit custom print til hovud, som hadde vore spennande og fått printa på faktiske lego deler, men konkluderte at ikkje var noko god måte å masseprodusere dette på heime med gode resultater. I tillegg er det masker som ikkje går over hovudet. Svaret var å lage eit nytt custom hovud som fiksa desse problema.

På dette hovudet er det ein stud med bar hol. Dei nye maskene har ein bar connection som settes inn i munnen på dei nye hovuda. Desse hovuda har òg innrykk til auga, som gjer det lett å male inn augefargen. Dei nye maskene kan òg haldast i hendene til figurane og dei kan settast fast i clips. Dette blei systemet for vidare Minionicle.

Vidare var det å dra fram Bohrok figurane eg lagde på videregåande. Det meste med figurane var brukbarte, men måtte gjere nokre få justeringar. Og det eg kom fram til er ein figur på 15 deler, som trenger 4 technic clips. Den har dei fleste funksjonene som orginalfiguren har, inkludert maske som fungerer med hodene eg lagde til. Bohrok figurene kan du finne her: Minionicle: Clean it all by XcrismonP - Thingiverse

Siste fugerane eg har gitt ut er Toa Nuva figurane (som kom i 2002). Dei bruker samme systemet, men har nye masker og rustning. Link til dei her: Minionicle: The Power Lies Beneath by XcrismonP - Thingiverse

Vegen vidare:
Det har vore travelt med andre ting, men eg planlegger å lage alt som lego gav ut i orginale Bionicle. I alle fall alt frå 2001 til 2008. Eg har begynt på både ting frå 2003 og 2004, men må bare få 3D printen til å fungere. Eg har òg lekt med tanken om custom våpen. Det bryter sånn sett med tanken om å vere så rein lego som mulig, men igjen så åpner det opp muligheten for mykje gøy.

MOCs:
Målet mitt er å lage desse custom figurene for å kunne bygge ting frå Bionicle. For ein utanfrå kan Bionicle sjå ut som det bare er store figurar, men det er ein heil verden, eit eiga fantasy univers. I løpet av 4 filmar og ein haug med teikneseriar, bøker, dataspel, og online forteljingar så får me sjå ein heilt unik verden med natur, dyr, landsbyar, byar og diverse anna. Mykje som hadde vore gøy å bygge.
Dyrene i Bionicle universet heiter Rahi. I 2001 fekk me sjå opptil fleire typar rahi sett, og desse har eg sjølvsagt bygd eit utval av.



Nui-rama
ussal crab
fikou

I tillegg var ein viktig stad det som heiter Kini-Nui. Det er eit tempel som Toaene møtes, og det er ein viktig stad som me ser i alle formatene Bionicle kom i. Dette bygget tok eg med meg på Klossexpo 2023, og ser for meg å vise det fram fleire gonger.

Figurane hadde òg diverse kjøyretøy og liknande. Her har eg bygd Boxor og Exo-Toa, som begge er typ exosuits.


Boksene som orginale toaene kom i når dei var i salg hadde òg sin plass i historia. Desse har eg òg bygd:


Og så har eg begynt på ein anna viktig lokasjon frå dataspelet Mata Nui Online Game, som er eit teleskop:

Vidare er planen å bygge fleire stader, inkludert dei 6 lansbyane frå historia 2001-2003

5 Likes

Moro at du har slik dedikasjon og skaperlyst i forhold til Bionicle. Det som en vokser opp med setter ofte spor. Sjøl har vi to fulle 70liters kasser stående, har fundert og prøvd litt bygging…men det føles som en må knekke en kode for å få det til, hvis en ikke bare skal bygge det som de var tenkt. Stå på videre, her vil jeg tro at det er lov til å tukle med skaperverket…

1 Like

Takk! Er gøy å ha min eigen ting. Samtidig forstår eg at folk synes Bionicle er sært, da technicfigurer (såkalla constraction) er ein heilt anna måte å bygge på enn det ein er vant med. Men er det nokon ting eg verkeleg vil få fram med det eg gjer så er det nr. 1 at Bionicle er ein forteljing (og eg synes det jo er ein god forteljing òg, men eg er kanskje farga av nostalgi), og at Bionicle kan byggast på fleire måtar enn det som er implisert. Men det krever litt “tukling med skaperverket” som du seier, og eg tenker at av og til må ein tillate seg det for å få gode resultater

1 Like